Annonse

Torsdag gjekk startskotet for Kosmorama: Trondheim Internasjonale Filmfestival. Men dagen har ikkje vore så internasjonal som forventa. Førre veke vart det kjent at korkje Gael García Bernal eller Steve Buscemi kunne koma. Ordtaket seier at når det fyrst regner, så høljer det ned, og Kosmorama-leiinga har motteke avbod på avbod den siste veka. Den danske regissøren Bille August skulle eigentleg vera med på Rundebordskonferansen som haldast 24.-25. april, men filminnspeling i Italia har gjort at han måtte melda avbod. Rundebordskonferansen går som planlagt, men ein konsekvens av at August ikkje deltek, er at filmen hans, Goodbye Bafana, vert trekt attende av den norske distributøren. Grunngjevinga er at filmen skal lanserast på norske kinoar fyrst til hausten. I dag kom det òg melding om at heller ikkje Temur Babluani kjem. Filmen hans, The Legacy, går jamvel som planlagt.

Også værgudane la ein dempar på festivalstemninga. Eigentleg skulle det vera utekino på Nedre Elvehavn i kveld, med visning av kultklassikaren Whitnail & I, men på grunn av den sterke vinden avgjorde festivalleiinga at det ikkje var forsvarleg å setja opp det store lerretet ute. Filmen vart flytta inn i Nova Kinosenter, som er festivalområdet for hovudprogrammet. På sundag er det eit nytt utekino-forsøk. Då er det Buena Vista Social Club som står på programmet, og vonleg vil vinden ha blåse vekk til då.
Filmforumet.no ønsker en bred debatt om våre artikler og videoer, men har regler for dette:

Hold deg til emnet, skriv i vanlig og sivilisert form. Vis god folkeskikk - unngå banning, SKRIKING, hets og reklame. Banning er ikke tillatt. Du kan ikke skrive kommentarer om etnisk gruppe, kjønn, seksuell legning, politiske tilhørighet, yrke eller religion om det mangler relevans. Personangrep eller ærekrenkende innlegg er ikke tillatt. Filmforumet.no har ikke publiseringsplikt og kan i praksis slette enhver kommentar eller stenge for debatt.

Vi gjør oppmerksom på at kommentarsystemet lagrer IP-adressen som benyttes ved skriving av kommentarer.

Se retningslinjene i sin helhet her
Annonse