Annonse
Dei av oss som er fødde på åttitalet hugsar Med Grimm og Gru godt. Filmen vart synt fram eit par gongar i løpet av oppveksten vår, men etter 1994 slutta NRK å senda han. Etter massivt press, eit utal publikumsbrev og eit veldig sterkt ynskje om gjensyn, sendte NRK han på ny i 2003 og 2005. Og no har dei altså funne plass åt han i den nye fjernsynskanalen sin, NRK3, sundag den 23. desember klokka 20.00.

Med Grimm og Gru - Rock'N'Roll Wolf eller Ma-ma, som er andre titlar han går under - er ein rockemusikalversjon av eventyret om ulven og geitekillingane. Det er ein sovjetisk-fransk-rumensk samarbeidsproduksjon - på engelsk - med geniale kulissar og svært utførlege kostyme, og ikkje minst heilt fantastiske songar og dansar. Det heile presentert av eit ensemble frå ein rekkje velkjende sirkus, ballettar og teater, mellom anna frå Bolsjojteateret.

«Mommy’s home»!

DISKUTÉR "Med Grimm og Gru" HER!
Filmforumet.no ønsker en bred debatt om våre artikler og videoer, men har regler for dette:

Hold deg til emnet, skriv i vanlig og sivilisert form. Vis god folkeskikk - unngå banning, SKRIKING, hets og reklame. Banning er ikke tillatt. Du kan ikke skrive kommentarer om etnisk gruppe, kjønn, seksuell legning, politiske tilhørighet, yrke eller religion om det mangler relevans. Personangrep eller ærekrenkende innlegg er ikke tillatt. Filmforumet.no har ikke publiseringsplikt og kan i praksis slette enhver kommentar eller stenge for debatt.

Vi gjør oppmerksom på at kommentarsystemet lagrer IP-adressen som benyttes ved skriving av kommentarer.

Se retningslinjene i sin helhet her
Annonse